
Fagernes Yacht Club med vener
Sjeldan kan ein bandomtale nytta eit meir dekadent ordelag enn om Fagernes Yacht Club. FYC er eit av dei mest populære klubbkollektiva i Noreg for tida som no får høve å spreia sin elsk for sjangeren yacht rock på Bygdalarm. FYC har levert legendariske og utselde konsertar både i Bergen og Oslo. Bandet vart skipa så seint som i april 2010 og spelar deileg vestkystpop frå 1972 - 1986 på ihuga vis. Besetninga består av maritime representantar frå The New Wine, Kakkmaddafakka m. fl. På Bygdalarm kjem gjengen med ei rekkje gjesteartistar som vil lyfta showet! Yacht rock er glatt power-pop som fenga den californiske jappefiffen på dei ekstravagante yachtane sine på 70- og 80-talet. Det dreier seg om krampetighte komp, sexy synthlinjer og mjuke røyster. Me snakkar her Toto, Doobie Brothers, Kenny Loggins, Hall & Oates, Michael MacDonald og Christopher Cross. FYC vil gje deg kjensla av årets fyrste malibubaserte drink, kjensla av å reise spinnakeren mellom soldekka svaberg og skvulpande bylgjer, kjensla av når måsehyla harmonerar perfekt med lyden av Michael McDonald si mjuke røyst og den stadige opninga av duggfriske flasker med Chablis. Laurdag 2. juli ynskjer me gje deg den kjensla du får når du går sokkalaus i docksidesane for fyrste gong, den kjensla av å liggja i hammocken og føla seg forelska utan å vera det forutan i livet sjølv, den kjensla berra sommaren kan gje deg, den kjensla berre yacht rock og fortryllande vakre Fagernes Yacht Klubb kan gje deg, den kjensla.
Fagernes Yacht Club på Facebook