
Young Dreams
Young Dreams er meir enn eit band. Dei er grunnleggjarar av tropisk popmusikk i våte Bergen, dei er eit viralt undergrunns popfenomen og vert spådd som det neste namnet rita inn på den norske popprimstaven. Bandet har utspring i musikkmiljøet rundt klubben Vamoose i Bergen, og har festepunkt i ei rekkje band t.d. Casiokids, The Alexandria Quartet, ThisGoesDisco!, The Megaphonic Thrift, Gilded Lines osv. Tenk Beach Boys møter Animal Collective møter Kings of Convenience og du er mogeleg i kringleiken av denne heilt særeigne timannsgruppa. Trass sprik i musikalsk bakgrunn har dei unge herrane ein ting sams: Dei ynskjer presentera draumane sine på Bygdalarm fredag 1. juli
Young Dreams på Facebook
Young Dreams på Soundcloud