Info

hesje

Praktisk informasjon

 

Arrangering og deltaking på festival er spanande men krev store mengder planlegging og førebuing. Me vil gjera dette enklare både for deg som publikummar og for oss som arrangørar. Her kjem ein del praktisk informasjon for deg som har lyst å vera med på Bygdalarm.

Sjå opp, sjå fram, sjå på Kvam!
Øystese ligg idyllisk til på nordsida av Hardangerfjorden i Kvam Herad. Dersom du ikkje veit kor det ligg kan du søkja på kartsidene til www.gulesider.no. Sjølve festivalområdet ligg midt i Øystese sentrum og vil vera godt synleg festivalhelga. Sjå kart her.

 

Overnatting
Bygdalarm samarbeider med Hardanger Feriesenter om overnatting. Sjå info over. I tillegg vil me tilrå Hardangerfjord Hotell og Sandven Hotell som glimrande alternativ. Reisemål Hardangerfjord www.hardangerfjord.com har i tillegg godt oversyn både for hotell og camping. NB! Ver tidleg ute!

Matservering
Me ynskjer eit lokalt tilsnitt på matprofilen! Det vert servert god lokalforankra mat på festivalområdet. Me baserer menyen¨på råvarer frå lokale leverandørar i heile Hardanger.

Vatn
Det vert sett ut stasjonar der ein kan forsyna seg av friskt vatn.

Aldersgrense
Det er 18 års aldersgrense på Bygdalarm. Dette er ei absolutt grense og me tillèt ingen under 18 år inn på festivalområdet.

Armband
For å koma inn på festivalområdet må du ha gyldig festivalarmband. Dette får du sett på ved inngangen til festivalområdet mot å visa gyldig billett.

Opningstider/konsertstart
Porten til festivalområdet opnar kl 1700 fredag og laurdag ettermiddag. Fyrste band går på scena kl 1800 presis. Grunna krava om offentleg ro er siste konsert ferdig kl 2300 båe dagar. Umiddelbart etterpå opnar dørene i dei to Klubblarm-lokala. Det vil verta god skilting mot desse under festivalhelga. Klubblarm stengjer kl 0230.

Betaling
Det går an å betala både med kort og kontantar på festivalområdet, men av praktiske omsyn ynskjer me at du betalar med kontantar. Det er minibank i nærleiken som vil verta skilta godt festivalhelga.

Miljø
Me ynskjer å ha ein god miljøprofil på festivalområdet og vonar du kan bidra med det. Det vil verta utplassert fleire miljøstasjonar på festivalområdet og me set pris om publikum kan hjelpa til å halda området fritt for avfall.

Tryggleik
Til det beste for både publikum og artistar har festivalen stor fokus på tryggleik. Eit stort lag av vaktar vil til ei kvar tid vera på området. Dei ber gule vestar. Det lokale Røde Kors vil også vera representert, likeeins politiet. Me gjer merksam på at det kan oppstå press framom scena. Me legg i den samanheng ned totalforbod mot stagediving og crowdsurfing.

Fylgjande ting er ikkje tillete å ta med inn på festivalområdet:
Paraply
Mat og drikke
Flasker og termosar
Grill (også eingongsgrill)
Knivar og andre skarpe/fårlege gjenstandar
Profesjonelt foto-, video- og lydopptaksutstyr
Hundar og andre kjæledyr
Campingutstyr (stolar, bord, telt etc.)
Andre gjenstandar som av openberre grunnar ikkje bør medbringast på området.
Bruk sunt bondevit!

Vesker og ryggsekker vil verta undersøkt ved inngangen, og forbodne gjenstandar vert konfiskert.

Kontaktinfo

 

Festivaladresse:
"Hotellfjøro"
Hardangerfjordvegen 613
5610 Øystese

Postadresse:

Bygdalarm
Sjusetevegen 27
5610 Øystese

straumpost@bygdalarm.no

Styret
Festivalsjef og booking:
AK Teigland: ak@bygdalarm.no

Teknisk ansvarleg:
Alvin Vestrheim: alvin@bygdalarm.no

Vaktsjef, frivillege og sponsor:
Ole Dominicus Storaas Ones: ole@bygdalarm.no

Økonomiansvarleg:
Øyvind Kjørlaug: kjorlaug@bygdalarm.no

Område og logistikk:
Margit Vangdal: margit@bygdalarm.no

Artistvertinneansvarleg:
Kirsti Aksnes: kirsti@bygdalarm.no

Kjøp billettar hjå Billettservice