
Bygda er den nye byen! Tre unike klubbarrangement til Bygdalarm
- Det er svært moro å kunne presentera tre særeigne, populære og kule klubbkonsept på Bygdalarm i år. Kvar av dei tre har svært dedikerte målgrupper og dette er verkeleg med på å lyfta klubbarrangementa på Bygdalarm fleire høygaffeltak, seier festivalsjef AK Teigland.
Om dei tre konsepta:
Den elleville bygdefesten:
”Den elleville bygdefesten” er i regi Tellè Records som er drive av Mikal Telle. Selskapet har jubileum i 2012 og ferier med å ta opp tråden frå dei tidlegare svært så populære klubbkveldane på Kvarteret og i Grieghallen kalla ”Den elleville festen”. Med retrospekt i augo døyper Bygdalarm om klubblokala til Agora og Miles Ahead og presenterer deilegpop i tre etasjar med Bloody Beach og Anja Elena Viken (live), samt Nabovarsel og Tellez DJs.
Jassbox:
Jassbox tok til i whiskeybaren på Hotell Terminus i Bergen og oppnådde snøgt enorm popularitet. Med initiativtakar Espen Horne i spissen vart det presentert liveartistar innan funk, jazz, soul og hip-hop, samt svært sveitte og dansbare DJ-perler. Lokala vart for små, byen vart for liten og Jassbox flytte til Oslo. På Bygdalarm gjenoppstår dei med både livemusikk og DJ-sett med Lecahuun (live) og DJ Espen Horne.
Perfect Sounds Forever:
Edda Magnusdottir og Line Ira står bak den venaste konsertserien I Bergen, Perfect Sounds Forever. Til vanleg inviterer dei favorittbanda sine til den venaste konsertscena i byn, Bergen Kjøtt, men i sommar vert dei og å finna i Øystese, på den venaste festivalen I Noreg, Bygdalarm! Band som har spelt for Perfect Sounds Forever tidlegare inkluderer Active Child, Motorpsycho, Anna Järvinen, Säkert!, Basia Bulat, King Creosote & Jon Hopkins, Gold Panda, The Hidden Cameras, Dirty Beaches & Handsome Furs.
For meir informasjon om artistar og DJ, sjå her.