Artist

tdw

The Dandy Warhols (US)

 

The Dandy Warhols er truleg det mestseljande bandet som nokosinne har stått på ei scene i Hardanger.  Courtney Taylor-Taylor og resten av dandyane forlet Portland, OR og skal freista setja fyr på Bygdalarm-publikummet med sin særeigne miks av rock, psykedelika, grønsj og powerpop. Ut av dette tilsynelatande villfarande musikalske landskapet står The Dandy Warhols som eit av dei mest toneangjevande banda i nyare tid. Kvartetten platedebuterte alt i 1995 og er aktuelle med den tiande plata ”This Machine” i 2012. Bandet nyt stor respekt i ein internasjonal musikksamanheng og står bak det som må vera ei av dei mest heilstøypte platene i historia, ”Thirteen Tales from Urban Bohemia” frå 2000. The Dandy Warhols toppar plakaten på Bygdalarm 2012.
The Dandy Warhols vert presentert med støtte frå BKK.

The Dandy Warhols heimeside
The Dandy Warhols på Facebook
The Dandy Warhols på

Program

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice