
Jassbox: Lecahuun (live) & Espen Horne
Lecahuun består av Leca og Kahuun som i eij årrekke har vore DJ's og produsenter med e rekkje internasjonalt vidgjetne utgjevingar bak seg. Deira sams kjærleik til dansbar musikk med røter i det afroamerikanske 70-talet førte dei saman til eit samarbeidsprosjekt kor dei eksperimenterer med analoge og digitale lydar og rytmea.
Kahuun er for tida aktuell med si siste utgjeving november 2011 på New York labelen Bagpak records, samt ei komande skive på britiske Paper Recordings.
Leca er produsenttalentet som har ei rekkje internasjonale utgjevingar bak seg, m.a. under navnet Keyboy på britiske Paper Recordings, kor han og snart gjev ut sin eigen EP.
Leca & Kahuun har mange utgjevingar bak seg og både på Bagpack Rec., Paper Rec. og HiFi Terapi. Dei ligg i grenselandet mellom disco og house, med lettare innslag av broken beat og electro. Melodiøst og sterkt dansbart, sveitt og deileg – akkurat slik klubbkveldane på Øvreviken skal vera.
Espen Horne har ei imponerande DJ-karriere på traktorlasset sitt. Dei siste 15 åra har han vore ein ettertrakta DJ fyrst nasjonalt, deretter internasjonalt. Særleg Tyskland, Frankrike, Italia og UK har vorte vitja av Horne som lirer or seg dampande rytmar med eit svært breidt internasjonalt tilsnitt.
Ralph Myerz feat. Snoop Dogg & George Clinton (Kahuun remix)
Datarock - Give it up (Kahuun remix)