
Tellè: Nabovarsel
Sjølvaste skiparen av klubbkollektivet Nabovarsel tek med gode vener og spelar opp til dans ved å blanda saman disco og house på sin eigen rare måte. Nabovarsel og Emilio Sanhueza har bakgrunnen sin som DJ på Miles Ahead. For nokre år attende var klubbmiljøet i Bergen sentrert rundt to klubbar: Miles Ahead og Agora. House er nykkelordet, men platebagen er også fylt med rock og italo. Stilen er eklektisk, kontinental og fokusert. Inspirasjonen frå undergrunnen i Berlin og London vert presentert i Øystese på Bygdalarm.
"Bygdalarm presenterer i samarbeid med Tellè Records "Den elleville bygdefesten"! Klubblarm laurdag 7. juli vil stå i Mikal Telle sitt teikn og tek utgangspunkt i dei legendariske kveldane under hamen "Den elleville festen" som vart arrangert i Bergen på Kvarteret og i Grieghallen. Med retrospekt i augo døyper Bygdalarm om klubblokala til Agora og Miles Ahead og presenterer deilegpop i tre etasjar"