Nyhende

tenkepause_bygdalarm16

Bygdalarm på vent

 

Etter mykje diskusjon og mange, lange møte, har styret vedteke at det etter ti fabelaktige år ikkje vert festival i 2017.  Familien Bygdalarm har hatt det utruleg kjekt desse ti åra, og det er ein samansveisa gjeng som no tek ein velfortent kvilepause.  Styret vil framleis vera operativt og utelukkar ikkje at det kjem ulike arrangement i regi av Bygdalarm i framtida.

 

– Då Bygdalarm starta hadde me som utgangspunkt at me skulle sjå om me kunne driva det i fem år. Etter relativt lite utskifting i nykkelpersonar og modell og med eit aktivt styre som gjekk frå å vera studerande tjueåringar til småbarnsforeldre i 30-åra, har me innsett at det trengst tenkepause og kanskje justeringar, seier festivalsjef Kirsti Aksnes som har vore med sidan starten og tok over som sjef etter A.K. Glück-Teigland i 2014.

 

Bygdalarm har heile vegen vore eit dugnadsprosjekt, men styret har gjennomført festivalen som om det var ein heilårsjobb. Arrangementet har vakse, og arbeidet har vorte stadig meir omfattende. Målet har heile vegen vore å laga ein festival med ekstraordinære musikkopplevingar, med lokalt fundament, men med nasjonal rekkevidde. Dette tykkjer styret at dei har lukkast med.

 

Det er ikkje noko løyndom at det planlagde Hardangerbadet har gjort det meir strevsamt å planlegga festival. Styret har ikkje teke noko politisk standpunkt, då samtlege er einige i at ein festival éi helg i året ikkje skal skipla eit så stort prosjekt. Likevel har det vore meir usikkerheit kring avvikling dei siste åra.

 

Eit anna aspekt er den svake kronekursen, som også har vore ei utfordring, særleg sidan ein del større sponsorar har trekt seg og det ikkje dukkar opp nye.
– Dette er noko heile bransjen slit med, og Bygdalarm er diverre ikkje eit unntak, til trass for fantastiske støttespelarar som har støtta oss år etter år, seier Aksnes. Ho og resten av styret rettar ein stor, audmjuk og oppriktig takk til alle som har hjelpt til dei siste ti åra. Utan støttespelarar hadde Bygdalarm ikkje kunna utvikla seg slik som det har. Bygdalarm har i alle år hatt sunn økonomi, og i år er ikkje noko unntak.

 

Dei fantastiske frivillige skal ha ein stor og audmjuk takk for innsatsen i dei åra som har gått. Likevel, i takt med at styremedlemmene har vorte ti år eldre, så har også dei som var med som frivillige i starten vorte det.
– Om det er det at folk har vorte eldre eller at dei ganske enkelt har råd til å kjøpa festivalpass i stadenfor å jobba frivillig, så har dette vorte ei stor utfordring. I år klarte me knapt å dekka alle vaktane som skal til for å avvikla festivalen. Det er ei utfordring, som det ikkje verkar som me klarar formidla godt nok til folk i bygda.

 

Utan frivillige – ingen Bygdalarm, seier Aksnes og fortset takketalen til dei mange og uslitelege superdrengane og supertausene som til trass for alder og familiesituasjon stiller år etter år.

– Sjølv om det høljar ned godord frå bygdafolket, noko me set umåteleg stor pris på, er det ikkje tvil om at det er mykje arbeid å arrangera Bygdalarm. No vil me bruka det komande året til å kvila, tenka og fabulera om kva og korleis framtida til Bygdalarm skal bli. Kva framtida vil bringa veit ingen, men det er framleis bygdaelsk i maskineriet og jåleøl på tanken.

Nok ein gong, tusen takk! Bygdaelsk til alle! 


Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev