Nyhende

gamlislarm_2016

Gamlisfrieri i Kabuso

 

Sjarmerande hallingdøl og utlodding av fine vinstar - sånt blir det bra Gamlislarm av! Konsertsalen på Kabuso var ganske så full av godt vaksne bygdalarmarar, og sannsynlegvis finare i formen enn dagens hovudartist - det påpeikte i allefall Daniel Kvammen sjølv, som spela på hovudscena i går og tok seg ein dram eller to etterpå. Det gjorde ikkje utslag på prestasjonsevnene - både han og gitarist Haldor Røyne leverte heilstøypte varer, og Kvammen delte viljug vekk historier både om damer og mors kjøtkaker. Så har han også vore nominert til Spellemannprisen for tekstane sine, noko som sjølvsagt må vera innlysande etter denne førestillinga. Etter konserten og jubel og klapp vart det som i fjor lodda ut ymse Bygdalarm-effektar og fenalår, og som i fjor til glede for mange heldige vinnarar. Ein trøytt og lettrørt festivalsjef Kirsti Aksnes måtte ta til tårene då ho takka pensjonistlaget for innsatsen alle desse åra. Eit verdig punktum for årets heidring av dei eldste frivillige i bygda.

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev