Nyhende

takk2016_mariusz_marczak

Haugavis med takksemd

 

 

Regnet blandar seg med gledestårer når det er tid for å sei takk. Tiande Bygdalarm kunne ikkje vorte stort våtare - og betre! Det kan nesten synast som at publikum har vore endå blidare, finare og kjekke enn før - er det mogleg?! Alt er sjølvsagt mogleg på Bygdalarm, noko som vart bevist med den astronomisk dimensjonerte gebursdagskaka som vart traktora inn på konsertområdet laurdag kveld. Fanitullen dundra ut frå ein elektrisk gitar anført av Vidar Berge på toppen av hans gamle John Sheep-traktor. Gamlesjef AK Teigland stod for stuntet, og han er ikkje i stand til å gjera noko halvvegs. Fyrverkeriet som avrunda ute etter den elleville Fagernes Yachtklubb-konserten må kunna kallast sedvanleg spektakulært. Den gråe himmelen lyste opp akkurat som fjesa på publikum. For ein kveld. Årets takketale må blir som før: alle dei fantastiske frivillige, både i forkant og etterkant, dei entusiastiske og støttande sponsorane våre, alle artistane som kjem og gjer oss yre av musikalsk glede, besteforeldre som stiller opp til både hesjing og barnevaktsitjing, bygdafolk som fortel oss at dei er stolte av festivalen, alle samarbeidspartnarane som gjer alt dei kan for å hjelpa til med avvikling, og sist men eigentleg på alle måtar fyrst og fremst: publikum! Takk, kjære alle saman!

Kjærleik frå Bygdalarm til deko alle.

Det fabelaktige biletet er teke av Mariusz Marczak, som også er den prima kokken på hotellet bak rettane som raudbet-ravioli og oskebrød.

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev