Nyhende

klubb_002

Makalause Mossingar!

 

Makalaus bugna av flotte larmarar som ville sjå Death by Unga Bunga spele opp til siste offisielle konsert denne laurdagskvelden.

 

Lokalet var allereie stappfullt, men folk strøymde likevel jamnt til. Stemninga og humøret i mossebandet sin musikk tok over rommet og publikum dansa til lufta vart tett, så dansa dei litt til. Kven treng uansett luft, når ein kan leva på kjærleiken me alle har til BygdaLarm? 

Mossegutane skrik plutseleg på uforståeleg mossamål, men hovudordet “SKÅL”, det er ikkje til å ta feil av. Med skåler gladeleg med dei og me er ikkje dei einaste. Det var heilt tydeleg at Death by Unga Bunga var ei verdig avslutning på kvelden. No feirar me oss sjølve og alle dykk med ei øl - kanskje to. Gjer det, de òg! Og sist, men ikkje minst, SKÅL! 

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev