Nyhende

klubb_0011

Me fekk TECHNO og me fekk BOOGIE

 

Folk dansa som om det stod om livet både på DJ Thomas Urv og på LarmaBoogie.

 

LarmaBoogiefolket leverte pirrande 90-tallstechno, og me takkar og bukkar for mengdane med guilty pleasures og skamlause hits me fekk servert, samt alle dei ikkje-så-guilt-pleasures-ane som me stolt og høglydt song med på.

I kjellaren snurra Thomas Urv hippe technovibbar, og klubbfaktoren var høg som berre det. Det grøne lyset skapa ei underliggjande mystisk stemning, og publikum rista og snurra på kvar ein lem. På hotellet var det trengsel, og det meiner me så positivt som overhovudet mogleg. Me treivst! 

 

 

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev