Artist

hei_kalas

Badnalarm: Hei kalas!

 

Laurdag 2. juli kl 12 kan du bli med på kalas for heile familien i Kabuso! Heidi Marie Vestrheim, Roy Ole Førland og Anniken Theodorsen står i spissen for moroa. 

Hei Kalas! syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morsomme på ein trist måte eller triste på en morsom måte. Kvifor er verdensrommet uendeleg, kva skjer når nokon døyr og kvifor står alt det gode på øverste hylle, slik at ein ikkje rekk opp? Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting.

Hei Kalas! undrar seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Med fokus på gode tekstar klarar Hei Kalas! å formidla heilt daglegdagse ting på ein måte som både born og vaksne kjenner seg igjen i.
Songane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptekne av dei same tinga, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje bekymringsfritt å vera barn eller vaksen.

Gjennom fine og rare små historiar vil Hei Kalas! formidla det som engasjerer dei mest - undringa/forbausinga over at alt er som det er. 

Les sjå video frå tidlegare festleg kalas:  
http://heikalas.no

Billettar får du kjøpt på https://kabuso.ticketco.no/badnalarm_hei_kalas

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07