Artist

comet_kid_patrick_katzman_mg_0

Comet Kid

 

 

Enorme krefter vert sett i sving av gitarforsterkarar, trommestikker, stemmeband og tangentar og Comet Kid er igjen klare for å skyta oss ut i stratosfæren med et kosmisk drønn! Kometen inntreff på Bygdalarm ganske nøyaktig laurdag på hovudscena kl 19.20. Publikum kan venta seg eit hardt nedslag i form av høgpotente nye og gamle låtar - catchy, kjensleladde monsterlåtar som perfekt på Brigtaflaten på den finaste laurdagen i 2016. Comet Kid har konsekvent levert kvalitet i sin relativt korte eksistens og med tre album på snaut tre år,  heftig turnering og utselte hus . Soul, rock, folk, blues og eit snev av funk forankra i solide melodiar og store refreng - det er ikkje rart dei har sjarmert både presse og tilhøyrarar dei siste åra samt vunne Gaffa-prisen 2015. La det regna stjerner frå Comet Kid!

 Comet Kid heimeside                  http://the.cometkid.net

 

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07