Artist

dj_thomas_urv_photo_by_paal_he

DJ Thomas Urv

 

 

Endeleg - det kulaste frå vestlandshovudstaden kjem til vestlandshovudtettstaden! DJ Thomas Urv er ein bergensar med begge føtene plassert djupt ned i technolandskapet.  

Thomas har sidan starten av 90-talet vore innom det meste av klubbar og festivaler i Noreg, og i det siste også sjangerdefinerande institusjonar som Fabric i London og sjølve technokatedralen, Berghain i Berlin. Saman med kompanjong Miss Mostly driv Thomas plateselskapet PLOINK, som i desse dagar feirar 20-årsjubileum som eit av landets lengstlevande konsept og ei drivande kraft på den norske klubbscena.  

Thomas åtvarar: Forvent ei svett natt!

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07