Artist

fyk_munoz

Fagernes Yacht Klubb

 

 

Ynskjereprise! Fagernes Yacht Klubb har vore eit eineståande eventyr sidan oppstarten i 2010. Den glade gjengen skamdyktige musikarar frå Bergen hadde eit ynskje om å ta fram sin indre matros og allereie året etter spelte dei skipperhuene av eit overbegeistra publikum på Bygdalarm. I fjor fekk me klubbkonseptet bandet er basert på - i år får me oppleva live-versjonen igjen. Samla av ein felles forkjærleik for Steely Dan, Hall & Oates og Toto har dei skapt legendariske kveldar på Revolver, Parkteatret, Kvarteret og USF Verftet i Bergen. Rockefeller har dei siste tre åra vorte førehandsutselte og fylt til randa av danse- og syngeglade folk med sommar i blikket og vin i glaset. Og alle var einige om at perioden frå 1972-1984 var den epoken kor den beste musikken vart skapt og at ynskjereprisen kjem til å gjera laurdagskvelden ute på Bygdalarm 2016 legendarisk!

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07