Artist

fjernsupport_space_dignity3

Fjernsupport DJs

 

 

Fjernsupport er opprinneleg ein duo beståande av to relativt glade gutar ved namn Eirik og Ketil. Dei to har spelt eller spelar i diverse musikalske konstellasjonar som f.eks Baertur, Denga Denga, Datarock og Lazervater - namn som nok ringer ei bjølle hjå dei mest erfarne Bygdalarmarane. I livesammenheng har duoen med seg ytterlegare to gutar ved namn Joar og Even, der fyrstnevnte spelar i før omtala Denga Denga, medan sistnemnte er med i Bygdalarm-aktuelle Great News. Disse fire krabatane er booka inn som DJs til årets festival på eitt einaste premiss: Å spela HITS! Her snakkar me guilty pleasures, not-so-guilty pleasures, pure pleasures, og unforgivable pleasures. Mark Knopfler og 50 Cent i skjønn foreining! Det vert så opplagt at requests ikkje kjem til å ha noko for seg. Kom og dans med Fjernsupport. Eller som dei seier på diskotek i Tyskland: "Party! Party! Hits! Hits"

I tillegg til å velsigna dansegolvet i Hotellkjellaren, kjem dei og spreier godlyd frå vetlescena fredag mellom konsertane ute. PARTEI! PARTEI!

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07