Artist

danielkvammen2_highres_fotoing0

Gamlislarm

 

Me elskar gamlisane i bygda! Bygdalarm skuldar dei til og med sin eksistens, i og med at ikkje få av gamlisane faktisk er opphavet til dei som starta festivalen. Og kven skulle fiksa hesjinga til området om ikkje pensjonistlaget stilte opp? Som takk fortset me som i fjor med ein eigen konsert tiltenkt dei eldste i bygda. Dette er ikkje meininga å ekskludera nokon, så me har ikkje noko aldersgrense verken opp eller ned.

Til å underhalda på denne herlege søndagen, har me booka tilsvarande herlege Daniel Kvammen.  Den unge hallingdølen har vore spelt flittig på alle P-ane i NRK. Blandinga av fengande pop og gode, norske tekstar gjer han lett å lika. Om han er framtida for norsk popmusikk, så kan me alle sjå lyst på ho!

I tillegg til alle godsakene som kan fåast i kafeen på Kabsuo, vert det servert noko lite av lokal smak. Og ikkje hiv billetten din - det vert trekning av flotte premiar.

Billett kjøper du på: bygdalarm.ticketco.no/gamlislarm_2016 eller i døra, dersom det ikkje er utselt.

Arrangementet er støtta av Den kulturelle spaserstokken, Kvam herad og er eit samarbeid med Kunsthuset Kabuso.  

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07