Artist

hear_me_roar1

Hear Me Roar

 

 

Klar for litt oppriktig hjerte-smerte? Med tidlause melodiar om slitesterke tema byr Hear Me Roar på melankoli med klare streif av sollys. Roar Kopperstad sjølv har sin musikalske bakgrunn frå punkrock og metall, og vert moglegens farga av dette i uttrykket som låtskrivar og formidlar: songane er ærlege, direkte og truverdige. Når Hear Me Roar framfører musikken er det med vakker intensitet og ei særeigen stemme. Tekstar og melodiar er av det slaget som grip tak i deg og opnar

tårekanalane - på den gode måten. Journalistar og musikkritikarar har omtala Hear Me Roar som «en uslepen diamant og et sjeldent låtskrivertalent» og «det beste som har skjedd populærmusikken i Stavanger siden Thomas Dybdahl». I vinter vann han vestlandssatsinga på 100 Dagar Stord, der også Bygdalarm-nemnda var ein av dei som stemte fram dette unike talentet.

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07