Artist

hester_v75_bilde

Hester V75

 

Hester V75 er ei rap-gruppe beståande av ein ung venegjeng frå Bergen. 2016 har vist seg å vera året deira; berre to år etter dei gav ut sine fyrste demoar på SoundCloud, enda dei opp med å spela konserten som mange har omtala som høgdepunktet på by:Larm 2016. Det resulterte i fire femmarar, mellom anna frå Dagbladet. Den 29. april gav dei ut si fyrste offisielle utgjeving på Vibbefanger, 115 Drømmer. Minialbumet fekk terningkast fem i både Natt&Dag og Bergens Tidende, og Gaffa skriv “Med velproduserte melodier og lekne tekster beviser gruppen at de fortjener en plass blant de beste i norsk hip-hop”. Musikken til Hester rører seg både høgt og lågt i energispekteret. Dei får skryt for særeigen sound og original framføring, kor dei snakkar om kvardagslege ting på sin eigen måte. Me høyrer med glede!

Hester V75 deler scena på Hotelskukkjen med Niilas, begge frå det digge selskapet Vibbefanger.

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07