Artist

_mg_6673

Honningbarna

 

 

Endeleg! Desse har me hatt ynskje om frå publikum sidan dei vann Urørtfinalen på NRK P3 og Spellemannprisen i 2011! Etter å ha tilbrakt 2015 på ein tettpakka turné i Europa og ein fellesturné med ska/pop-bandet Razika i Norge, landa Honningbarna den velfortente sigeren for Årets Liveartist på P3 Gull. Innlevinga og sceneshowet Honningbarna serverer er det råaste i landet, og det er knapt råd å ikkje la seg riva med. Musikalsk sparkar Honningbarna hardt. Låtane er sinte som demonstrasjonstog, og det er lett å få assossiasjonar til band som Rage Against The Machine, Gallows og The Hives. Honningbarna vil meir enn å laga musikk. Dei har eit bodskap, og har allerede klart å få store deler av Norges bibelbelte til å synge med på Fri Palestina. Bygdalarm støttar politisk engasjement så lenge det engasjerer. Og det jo Honningbarna -fredag på Hovudscena - halleluja!


Nettside: http://honningbarna.no

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07