Artist

glowstick_hires0

Larmaboogie

 

 

Etter ei årelang rekkje med suksessfulle Bunad - og Joolaboogies i by og bygd opprettar me herved den ultimate dansehendinga: Larmaboogie! Hotellskukkjen vil bugna av skamlause hits, mykje skuldige gleder, mykje swing og mykje moro. Teamet beståande av DJ Brut (Sara Bruteig Olsen), DJ Dordis (Kirsti Aksnes) og DJ Beyones (Karina Bjørnes) seier alt er lov, og saman snurrar dei dansbar dynamitt!  Desse trivlege folka spelar opp til dans, kom og rist din svans. Larmateamet lovar ein uføreseieleg miks av skuldige gledar, rykande ferske hits og sjølvsagt litt klinelåtar om det skulle bli behov for det. Det er stor takhøgd både på Hotelskukkjen og i smaksregisteret til DJ-ane, likevel kjem stemninga til å gå i taket på null komma svisj. Det vert sveitt, skamlaust og svulstig!

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07