Artist

bowie_aladin_sane_1000px0

LittLarm 2016: David Bowie

 

David Bowie (1947-2016) er ein bauta innan pop- og rockehistoria. Med musikken til Bowie er kjenneteikna av sjangerleik, grensetøying og nyskaping, har tekstane hans gjerne komme meir i bakgrunnen, og det kanskje med rette. Men i alle strålande pop- eller rockesongar er orda likevel ein avgjerande del av heilskapen. Dette har LittLarm tidlegare utforska hjå Robert Johnson, Joni Mitchell og Patti Smith. No er turen komen til kameleonen David Bowie.

Me utfordrar med dette lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om dei beste David Bowie-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av eige eminente husband beståande av Heidi Marie Vestrheim, Stig Lundblad-Sandbakk, Nan Espeseth og Roy Ole Førland.  Arangementet vert som alltid avvikla på Kunsthuset Kabuso (www.kabuso.no) i Øystese. Juryleiar i år er lyrikar, Brageprisvinnar og Bowie-fan Ruth Lillegraven, som også kjem med sitt bidrag.

Tidspunktet er laurdag 2. juli kl 15 - 17.

Littlarm har gjort eit utval av 5 klassiske Bowie-songar som me vil ha gjendikta og som eit lite og analaogt husband tek mål av seg til å framføra:

Space Oddity (frå albumet med same namn, 1969)

The Man who Sold the World (frå albumet med same namn, 1970)

Life on Mars (frå albumet Hunky Dory, 1971)

Ashes to Ashes (frå albumet Scary Monsters 1980)

China Girl (frå albumet Let’s Dance 1983)

 

Reglar:

-Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til norsk samtid.

-Det er og ein føremon om verselengder og rytmer vert intakt, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.

-Teksten skal vere nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.

-Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kjem til å kåra ein eller to vinnarar.

-Legg ved namn og kontaktinformasjon.

 

Premiar:

I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnarane av konkurransa få både heder og ære sovel som dagspass til Bygdalarm.

 

Tidsfrist:

Teksten må vere arrangørane i hende innan 20. juni 2016.

Adresse:

Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no

Billettar:

Inngangspris: 150,- / 100,- (med Bygdalarmpass)
Gratis med tangentkort
Billettar i døra

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07