Artist

Lurkalarm

 

Merk deg datoen for Lurkalarm 2016: torsdag  30. juni!

Lurkalarm er Bygdalarm sin trivelige versjon av Norseman – Eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Konkurransen er velegna for deg som likar kaldt vatn, motbakkesykling og springing i lett kupert terreng på mjukt underlag. Målet er å samle både dei aller seigaste så vel som dei aller blidaste. Triathlonet er ope for alle og det er førstemann til mølla som sikrar seg plass blant dei 30 individuelle og dei 10 laga (3 per lag) som får plass. Vær kjapp på labben, då Lurkalarm dei siste åra har vore meir enn fulltekna. Me skiljer mellom damer og menn i individuell klasse, medan det i lagklassen er fritt fram for å mikse. Ein må ha eigen sykkel, samt eige våtdrakt (valfritt) til symjinga.

 

 

Hovudvinsten er ein etterkvart særs tradisjonsrik og gjev linjelurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp og nettopp denne lurken er av sorten vandre-lurk som vinnaren sjølv må bera 1000 høgdemeter opp på fjellet Skrott for å få rissa inn namnet sitt. Her må vinnaren senda bilete av seg sjølv som prov på at dei har bore lurken heilt fram. Riss-meister i år er Anton Froastad. Elles blir det andre flotte vinstar, mellom anna frå Sparebanken Vest, Folgefonni Breførarlag, Houdini og Varri. 

Trasé

Triathlonet startar med symjing i fjorden (omlag 150 meter) frå Øystesestranda til enden av fjøra nedanfor festivalområdet. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten (5 km langs Fitjadalsvegen) i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjadalsvatnet inn til målpassering på Fete innerst i Fitjadalen. Når alle 60 har passert målstreken vert det målfest og premieutdeling på Blekeld, samt matservering til utøvarane. Her vert det kåring av ”Årets Lurk” og Årets Lurkalaug”, samt utdeling av diplom til alle deltakarane.

Tryggleik

Raude Krossen (RK) har mannskap på plass i båt på fjorden, samt i fylgjebil langs sykkeletappen. Under springinga har ein mannskap i løypa med enkelt fyrstehjelpsutstyr samt samband med RK. Me oppmodar alle til å ha med seg drikke på sykkeletappen. Langs springeetappen kan ein drikke av bekkar og det vert også delt ut drikke ved målgang.

Praktisk info 2016

Innsjekk: Ved festivalinngangen frå kl 17.00 torsdag 30/6

Startskotet går kl 18 i Øystesefjøra

Pris: 200kr pr. pers  (dersom ein melder på lag, er prisen den same, men ein lyt oppgje kva lag ein tilhøyrer når ein skriv e-post til lurkalarm@bygdalarm.no). 200 kr etter 31. januar. Betal via Ticketco: https://bygdalarm.ticketco.no/lurkalarm_2016, ikkje kontant slik det var før!

Påmelding: Før eller etter at du har betalt, send påmelding til  lurkalarm@bygdalarm.no med namn, tlfnr og heimkommune. Hugs å skrive fulle navn på alle deltakarane (lag).

NB! Minner om at påmeldingen er bindande. Vær difor gild å gje lyd om du ikkje skal nytta plassen din, då me setter opp venteliste.

Påmeldingsfrist: 28.06.16

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07