Artist

tekstitv666_kuva_markuspaajala

Teksti-TV 666

 

 

Eit av årets by:Larm-funn! Den finske kraut-punkgruppa Teksti-TV 666 vart spådd som eit av årets høgdepunkt, og jammen slo det an. Klubben Revolver i Oslo var fylt til siste svette plass og tok inn over seg energien frå det tente, velopplagte laget med finnar. Og nettopp energien er noko av det som går igjen i skildringane av denne etterkvart ettertrakta eksportvara frå vår nabo i aust. Enkle, fengande songar framført med vokal frå heile bandet samt gitarriff som går rett i øyregangen førte til massiv gynging og hopping blant publikum. Korleis dei klarte få til moshpit og stagediving utan oppbygd scene er uvisst, men me tek sikte på repetesjon når dei hårete, unge mannfolka inntek Makalaus fredags natt.

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07