Artist

tomin_stort

Tomin

 

TOMIN er ein ny elektronikaduo skrudd saman av Alf Vaksdal og Oda Ulvøy. Etter debutkonserten i 2015 kom sjølvaste Anneli Drecker bort og uttrykte si beundring for det dei unge musikarane hadde føreteke seg på scena. Nyleg stakk dei av med fyrsteplassen under talentkonkurransen Max-lovende, og sikra seg plass på årets OverOslo festival. Med blod på tann er duoen klare for å levera eit forrykande show under årets Bygdalarm. Med underfundige tekstar bevegar TOMIN seg gjennom mørke landskap ved hjelp av heftige, euforiske beats. Musikken skal få fram ei kjensla av å ha vorte ført inn i ein dimensjon kor tid og stad konstant endrar seg. Kombinasjonen mellom ulike musikalske uttrykk, fengande melodier og kontrastar fører til at det heile vert til ei surrealistisk blanding av det gode og det vonde. Me tek imot TOMIN på godt og vondt!

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm

 

Søndag 03.07