Artistar

Bigbang

Å, gudla folk, detta blir moro! Øystein Greni og gjengen kjem til Bygdalarm, og det er vel mildt sagt på tide?! Bigbang treng vel knapt nok ein introduksjon, men detta er i alle fall ein av hjørnepuslespelbetane i den norske musikkhistoria dei siste tre tiåra. Etter at Greni selde Vespaen sin for å spele inn «Electric Psalmbook» på slutten av nittitalet, var Bigbang kanskje noregsmeistrar i å vere bakgrunnsmusikk til stiing, hesjing, klining, dansing og allsang med til dømes «Girl in Oslo», «Wild Bird» og «To the Mountains».

I fjor kom bandet med den sabba fine plata "Glory Chord" etter nokre år med stillheit, og spelte for fulle hus landet gjennom. Desse karane veit korleis ein lagar eit hekkandes liv, og det veit jo Bygdalarmarar og, så detta blir ein perfekt mætsj på plenen!

Foto: Julien Alary