Artistar

brenn.

2019 har vore året då brenn. gjorde konsertgåarar mållause over heile fjøla, og dei er kanskje blant dei aller beste live-gruppene som er akkurat no. Frå Roskilde til Malakoff til Øyafestivalen har dei hausta så mykje skryt at det ville gjort dei fleste flaue. I haust har dei vore på turne med det nye albumet Elsker og var nominert til «Årets liveartist» på P3 Gull. Vinteren og våren skal dei bruke til å finpusse showet før dei kjem til Bygdalarm!!

Detta er to karar som storkosar seg på scena, og det smittar! brenn. er beviset på at rock framleis kan vere uredd, fri og himla moro. Sjølv om konsertane kanskje har fått mest merksemd til no, har platesleppet i oktober også gjort eit solidinntrykk på meldarane. Detta blir kjekt!!