Artistar

Bygdaboogie

Etter ei årelang rekkje med suksessfulle Bunads- og Joolaboogies i by og bygd held den ultimate dansehendinga fram med Bygdaboogie! Straumen vil bugna av skamlause hits, mykje skuldige gleder, litt swing og mykje moro. DJ Evil Mustache og The Librarian (Nils Ove Børve og Theresa Wallevik) seier alt er lov, og saman snurrar dei dansbar dynamitt!  Desse rocka folka spelar opp til dans, kom og rist din svans. Bygdaboogie lovar ein uføreseieleg miks av skuldige gleder, rykande ferske hits og sjølvsagt litt klinelåtar om det skulle bli behov for det. Det vert sveitt, skamlaust og svulstig!