Artistar

car.pool

car.pool er Vestlandssatsinga 2020! Under 100 dagar plugga dei i utstyret, sparka i gang festen -og serverte ein gloheit konsert utan eit einaste keisamt sekund. Ungdommeleg energi og speleglede. Modne ferdigheter, og rå teft for å smi fram über-catchy låtar. Og på toppen ligg Ida Sofie Laland sin ville powerpop-vokal. Guts og sjarm er skrudd til 11. car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock. Best servert live. For denne gjengen må ikkje berre høyrast, den må dansast med. Delegatar frå dei mange festivalane på 100 Dagar var ikkje i tvil, og det kjem ikkje du til å vere etter konserten på Bygdalarm heller!

Foto: Tobias Aasgaarden