5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Kjartan Lauritzen

Kjartan Lauritzen har på null komma svisj blitt heile Noregs nye rap-superhelt, og er ein ekte bygderappar frå Balestrand. Med breitt sognamål, mykje karisma og stort talent har han lagt verda for sine føter, og til no hatt over fem millionar straumingar av hitane Fredag og Havanna.

Dette er deilegrap på sitt beste, med ei røys artige vendingar som bør varme eit kvart dialekthjarte, og klarar ein høyre heile Fredag utan å lee på ein uggje, er ein jaggu god.

Etter å ha selt ut på både store og små arenaer dei siste to åra, er Kjartan kjend for å levere eit sabba show. Under Bergenfest i år sørga han for den største køen festivalen har sett, og mange gjekk glipp av festen. I BT si melding av den same konserten vert han kalla den største rapparen i Sogn og Fjordane, som også sjarmerer publikum i senk med sjølvironi, humor og sjølvsagt knallbra musikk. Han har fått terningkast seks av P3 og haustar skamlaust mykje lovord for både musikk og konsertar.

Dette vert ei legendarisk avslutning på utescena, og ein konsert me er sikker på det vil gå gjetord om i generasjonar framover. Me kan lova eit show langt utanom det vanlege, og vil rå dykk til å pusse danseskona og starte kondisjonstreninga med det same.

Foto: Jonathan Vivaas Kiise.