Artistar

Lemaitre

Lemaitre kjem til Bygdalarm!! Duoen har vore einarar i elektronikaverda i åravis, og finn stadig på nye sprell som er veldig vel verd å henge med på. Sidan dei spelte på Bygdalarm i 2014 har karrieren blitt internasjonal, basen blitt Los Angeles og dei tokarane fått verdsherredøme. Det fins knapt ein gigafestival som ikkje har hatt eit Lemaitre-show på plakaten dei siste åra, og det er lett å skjøne kvifor! Ketil Jansen og Ulrik Denizou har turnert omtrent i eitt sidan sist me såg dei, og har perfeksjonert festivalformatet til fulle.

Det er berre å gle seg til  «tunge beats, akkompagnert av fjærlette hooks som ikke slipper taket før du trygler», høyres ikkje detta ut som ein perfekt Bygdalarmkonsert, så veit ikkje me! I tillegg til hits som «Cut to black» og «Closer», lovar karane ny musikk undervegs. Me lovar paradisisk stemning på plenen.