Artistar

Mads Berven Trio

BadnaLarm vert i år på torget i Norheimsund laurdag klokka 12, og det kostar berre eit smil!

Mads Berven er kjent for å vere blant dei beste jazzartistane i Bergen for tida, og med erfaring frå både Nattjazz og barnehagar, vert dette ein konsert å digge for absolutt alle som kjem. Trioen sto bak albumet Mountains & the Sea, og spelar det dei kallar eit nordisk lydbilete med innslag av americana.

Gitaristen Berven har spelt saman med ei rekke andreartistar, mellom anna Ralph Myerz & the Jack Herren Band, som mange kanskje hugsar for ein legendarisk konsert på Bygdalarmscena i 2010.

Dette blir topp laurdagsunderhaldning!