Artistar

MultiTati

MultiTati er mest kjent som artisten Miss Tati - og for å skape fyrverkeri på scena. Dette er ei dame som veit korleis ho skal skape elektrisk stemning i publikum! Når ho tek på seg DJ-hatten vert det ikkje mindre fyrverkeri, der ho byr på eit heitt, dansbart og rytmisk univers. Frå hip hop til R&B til funk til disco og rytmisk musikk frå alle verdshjørna. Her kan ein danse seg både sveitt og glad, for MultiTati spelar berre deileg musikk til deilege folk.

Foto: Francisco Munoz