Kjøp
Bilettar!

Artistar

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga kjem til Bygdalarm!!! Igjen, får me vel nesten sei, for Odd spelte på den aller fyrste Bygdalarmen i 2007 óg! Dette blir eit sabba godt gjensyn, for dette er ein kar som veit å lage stemning! Me er ikkje i tvil om at han kjem til å synge og sjarme seg rett inn i hjartene til nydelege folk på plenen.

Odd Nordstoga sin musikk har nesten blitt eit slags lydspor for heile Noreg dei siste åra, og det vil nok ikkje bli vanskelig å mane fram allsongen å «Ein farfar i livet», «Frøken Franzen» og «Bestevenn». Odd skriv sjølv at han har med seg verdas beste band for å gjere sommaren best mogleg for flest mogleg, og det tvilar me ikkje på eitt sekund!