5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Romskip

Dei fem galne astronautane Romskip består av kjem frå Bergen til Norheimsund for å gje oss ei oppleving utanom det vanlege. Romskip har ikkje spelt saman i meir enn eit par år, men fanskaren er allereie på plass, og dei haustar lovord for dei konsertane dei har hatt (til dømes på Victoria under Vill Vill Vest i fjor.) Dette er ein gjeng som elskar musikk, og lovar det dei kallar øyrepulande fuzz, ein vokalist som manglar ein bit av fortanna og ein keyboardisk med snurrebart. Rykta på bygda seier det dreier seg om 60- og 70-talsrock med ein liten dose hip hop. Men viktigare enn sjanger er energien og den nesten tvangsmessige trangen til å danse dei er kjent for å skape. Ein må rett og slett bere komme seg til Klubb Nistagato og finne ut av det sjølv.