Artistar

Safri Trio

Safri Trio er tre vyrde DJar som kjem saman for å spele musikk som er god fordi den r god, dårlig musikk som er kjempegod fordi den er dårleg, og heilt ok musikk som er sinnsjukt god fordi den er akkurat det. Denne gjengen har faktisk ikkje heilt funne ut av kva musikk dei vil sende ut gjennom høgtalarane i Klubb Straumen, men dei garanterar dans- og gjenkjenningsfaktor utan like. Påppete pop, rockete rock og dansande disco om einannan. Og når det er denne gjengen som lovar rølp og disco, så trur me dei: DJ i P13 og på alle dei kjekkaste klubbane i Bergen, ANNA, gitarist i Kvelertak og party-DJ MACIEK og sist, men ikkje minst KETIL, som har vore stamgjest som artist i ei lang rekke samanhengar på Bygdalarm. Han veit kva me vil ha, og klarar nesten ikkje vente med å returnere til Kvam.