Kjøp
Bilettar!

Artistar

Safritrio-duo

Klubb Straumen var eit sveittedryppande danse-galehus då Safritrio tok seg av musikken under Bygdalarm i fjor, og det blir det utvilsomt i år igjen. Eine delen av trioen kunne ikkje komme, så i år blir det Safritrio-duo! Anna frå P13 og Ketil frå Datarock og Baertur har tatt på seg ansvaret for å igjen gjere Straumen til klubben over alle klubbar. Dei lovar musikk du likar sjølv om du hatar den, låtar du hatar sjølv om du likar dei (og dermed elskar) og generelt hitz for kidz, så her er det berre å gle seg (og gode grunnar til å finne ut kva dei meiner)! Det viktigaste er å ha danseskona på og å sleppe hemningane laus for eit avslutningsnummer utan like laurdagsnatta.