5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Shakanaka

Shakanaka er eit kult og skranglete rockeband frå Bergen. Dei har spelt fleire utrulige konsertar: Ein på Victoria, ein på Bergenfest, ein på Verftet (som oppvarming for Hjerteslag), ein på Slottsfjell og fleire andre stadar. Til hausten slepper dei debutalbumet Shakanaka Stadium, og ryktene vil ha det til at det blir bra. Då dei slapp si aller beste låt Medisin (dei har eit par gode), fikk dei terningkast seks i Bergens Tidende. Dette vert ein konsert å få rista laus og herja vilt til.