Artistar

Slomosa

Slomosa er dei fyrste til å spele i Klubb Nistagato i år! Når Slomosa spelar, er folk imponerte. Fellesnemnaren etter konsertar under til dømes Vill Vill Vest er avisoppslag som seier ting som «tungt, rått og aldri så lite hypnotisk». Det blir ørkenrock i klubbgato, med digge riff og mykje trommer. Digg å få med seg etter at dei til og med selde ut debutkonserten sin, og debutplata er ute sånn cirka øyeblikk.