Artistar

Slomosa

Slomosa spelar på Bygdalarm mini!! Firarbanden er noko så flotters som eit bergensband med røter frå Voss, og spelar tundrarock! Det er nesten som ørkenrock, men frå kaldare plassar. Det blir i alle høve tunge riff og digge trommer og imponerande insats på scenen.

Denne gjengen sette fyr på Nistagato i 2019, dei som veit, dei veit. Kom og bli ein av dei, du og!