5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Sondre Justad

Sondre Justad er ikkje som dei andre, og det blir nok ikkje denne kvelden heller. Med songar som let oss gå gjennom alt av kjensler i løpet av minuttar i eit lydbilete som er varmt som ei sumarnatt i Hardanger, framført med trauevis med sjarm, blir dette ei oppleving for livet! Ein tenker kanskje at Sondre Justad allereie har spelt på Bygdalarm, fordi han passar på festivalen som høy på ei hes, men det er altså i 2019 at det skal opplevast.

Sondre sel ut konsertarenaer som andre byter sokkar, og det kan verke som om alt han tek i vert til straume- og radiofavorittar. Etter at debutalbumet Riv i hjertet har eigd ymse lister i halvanna år, gjer oppfølgaren Ingenting i paradis akkurat det same. Dette er kanskje noregs favorittartist for tida, og kvar kan det vel vere betre å nyte nydelege tekstar, rørande balladar og perfekte sumardansrytmar enn på plenen vår?

Foto: Jonathan Vivvas Kise