Salet går på internett via Billettservice, tlf 815 33 133 eller på Posten.
Info

Bygdalarm set opp eigne bussar festivalhelga for å få deg heim. Bussane går frå parkeringsplassen på nedsida av Tunet butikksenter og er godt synleg frå festivalområdet. Me opererer med fyrstemann til mølla prinsippet og all betaling skjer kontant ved ombordstigning.
Arrangering og deltaking på festival er spanande men krev store mengder planlegging og førebuing. Me vil gjera dette enklare både for deg som publikummar og for oss som arrangørar. Her kjem ein del praktisk informasjon for deg som har lyst å vera med på Bygdalarm.
Bygdalarm samarbeider med Hardanger Feriesenter om overnattingstilbod til tilreisande festivaldeltakarar. Samtlege hytter på campingen er reservert festivaldeltakarar. Hytte- og telttunet ligg i underkant 3 km frå festivalområdet og ligg til i naturskjøne omgjevnader. Her er link til kart mellom camp og festival.
Bygdalarm vart arrangert fyrste gong 6. og 7.juli 2007. Ideen om å laga musikkfestival i Hardanger har nettopp vore ein ide over lengre tid. Fyrst i laupet av hausten 2006 vart ideen teke eit steg vidare. Arbeidstittelen var "Føling i floren". Tanken var å fylla eit kulturelt vakuum som har vore gjeldande i regionen ved å arrangera eit spenstig populærmusikkarrangement i storslagne omgjevnader. På nyåret 2007 vart eit styre nedsett og den konkrete planlegginga var i gang!
Kontaktinfo
Festivaladresse:
"Hotellfjøro"
Hardangerfjordvegen 613
5610 Øystese
Postadresse:
Bygdalarm
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
straumpost@bygdalarm.no
Styret
Leiar, økonomi og booking:
Arne-Kristian Teigland: ak@bygdalarm.no
Teknisk ansvarleg:
Alvin Vestrheim: alvin@bygdalarm.no
Vaktsjef og sponsor:
Ole Dominicus Storaas Ones: ole@bygdalarm.no
Frivillegansvarleg:
Steinar Soldal: steinar@bygdalarm.no
Område og logistikk:
Margit Vangdal: margit@bygdalarm.no
Artistvertinneansvarleg:
Kirsti Aksnes: kirsti@bygdalarm.no
Dreng & Taus

Bygdalarm vert det største musikalske arrangementet av sitt slag i Hardanger i 2010. Festivalen aukar i omfang og merksemd for kvart år. Me i Bygdalarm er stolte av å invitera folket til ei ny strålande musikkoppleving fyrste helga i juli. For å avvikla dette treng me hjelp frå frivillige drenger og tauser som veit å setja pris på god, gamaldags dugnadsand.
Me treng hjelp til:
- Ordensvakter
- Stagehands
- Catering og drikkeservering
- Billettsal
- Bandkontaktar
Me tilbyd:
- Fyrst og fremst får du høve å bidra til at festivalmaskineriet går som smurt.
- Full opplæring i det du skal gjera i god tid før festivalen
- Årets frivilleg t-skjorte laga av vår eigen designar www.higren.com
- Stor medarbeidarfest før festivalen kor alle vert invitert
- Gratis dagspass som kan nyttast den dagen ein ikkje jobbar
Om du er interessert, send oss eit skjermbrev med det følgjande skjemaet: