5.–6. juli Norheimsund

nyhende

Bygdalarm 2019!!

Bygdalarm 2018 vart årets vakraste sumareventyr, og no gjer festivalen seg klar for neste runde!

Det betyr at helga 5-6. juli neste år vert i bygdaelskens teikn, same stad, same stemning, nye band og nye magiske bygdaminner.

- Kvam Herad er så gilde og låner oss tomta i Norheimsund igjen til neste år, så me er hoppande glade og godt i gang med planlegginga, seier festivalsjef Ida Sørheim.

Bygdalarm var i år tilbake etter eit pauseår, og flytta til Norheimsund etter ti år i Øystese.

- Me var spente før festivalen, men det gjekk jo heilt fantastisk! Bygdastemninga var akkurat som den alltid har vore, og eg trur ikkje det berre var oss som arrangørar som fekk ei oppleving for livet, seier Sørheim.

Årets festival var ein suksess på alle frontar, og Bygdalarm takkar alle som var med å bidra til det. Me håpar alle er klare for meir av alt til neste år.

Me gler oss!