5.–6. juli Norheimsund

nyhende

of Montreal til bygda!

Kevin Barnes starta Of Montreal for over 20 år sidan, og gjennom åra har det vore ei rekke musikarar som har vore involvert i prosjektet. Of Montreal har ein solid fanskare verda over. Musikken havnar innan sjangrar som pop, rock, indie, psykedelisk, dance og referer mykje til populærmusikken på 60-talet, rock frå 70-talet og i det siste synthpop frå 80-talet. Det me veit at dette alltid er, er spennande, fengande og dansande!

Dermed er festivalprogrammet til Bygdalarm er så godt som klart med to storeartistslepp den siste veka.

No er også dei nye nettsidene våre endeleg lansert, ogme er stolte som hanar! Er dei ikkje fine?

Vårt tolmodige publikum treng altså ikkje uroe seg, Bygdalarm vertfjordare, fonnare og fenalårare enn nokon gong. Det vil verte Klubblarm som før, og me lovar ei klubboppleving langt utanom det vanlege!

Faktisk gledar me oss so fælt til sumar og festival, at me måtte klinke tilmed Påskalarm – basar og DJ i Holmatun i Øystese, onsdagen i påskeveka, fordet blei rett og slett for lenge å vente!! 

Hendinga finn du her.