Casiokids så det ljoma
Jolalarm satsa som vanleg på quiz som vorspiel og alle bord var fullsette godt før kl 21.
260 innbetalte sytte for kanongod stemning 4. dag på Øvreviken. Det var altså fullstendig utselt, noko arrangørane audmjukt hadde forventa. 19 lag deltok på Børve-quiz og sigeren gjekk til ingen ringare enn laget ”www.bygdalarm.no i mens”. Feststemninga stod i taket då Casiokids entra scena i 23-tida. Dei avslutta med ekstranummer av Familjen til stor glede for eit hoppande og dansande publikum. Nok ein tipptopp Jolalarm!
