Love Dance
Undergrunnen vert lyfta opp på skukkjen på Klubblarm! Love Dance er eit undergrunnsband frå Bergen med relativt få, men eksklusive, framføringar bak seg i karriera. Etter ei tids avbrekk er no Love Dance attende med nye og betre poplåtar, eit betre O2-opptak og eit ynskje om å presentera nytt materiale både i konsertsamanheng og på plate. Arbeidet med plata "Hawaii" er i gang og er planlagt sluttført innan sommaren 2010. Samstundes vert øvingslokala frekventert hyppigare enn nokosinne. Eit comeback? Nei, berre ei ny intervalløkt. Indiepoparane står på klubbscena Hotellskukkjen fredag 2. juli kl 2330.