The Captain & Me
The Captain & Me definerte sjangeren ”Balkancountry” med utgjevinga Automata (Cornerman Records) i 2006. Plata vekte stor åtgaum med sine eklektiske, rytmiske, sprudlande og uimotsåeleg dansbare musikk. Fansen vart tekne med på reisa vidare med fullengdaren ”Leave Your Friends and Family” i 2009. Essensen er framleis musikk som bugnar av fengande blåseriff, merkelege instrument og odde taktartar. På scena trakterer samtlege bandmedlemer dei ulike instrumenta og framstår akkurat så energisk ein kan forventa av eit balkancountryband. Her vert det Gogol Bordello møter Real Ones møter Den Kaukasiske Armè!
The Captain & Me heimeside
The Captain & Me på Myspace
The Captain & Me på Facebook
The Captain & Me på Spotify
The Captain & Me på NRK Urørt