DAGNY

Fredag 5. juli


DAGNY HEADLINER BYGDALARM FREDAG 5. JULI 2024

I kjølvatnet av den kritikarroste og utselde konserten til Dagny i Oslo Spektrum, der 10 000 fans fekk oppleve det Dagsavisen beskriv som «Noregs største og beste popstjerner», kjem Dagny no til Bygdalarm sumaren 2024.

Dagny tok Noreg og verda med storm i 2016 med låten «Backbeat», og har i åra etter levert publikumsfavorittar som «Love You Like That», «Drink About», «Fools Gold», «Wearing Nothing» for å nemne nokre.

I 2020 gav ho ut debutalbumet ’Strangers / Lovers’ til strålande kritikkar. Den første singelen ’Come Over’ blei følgt opp med mega-hiten ’Somebody’ som vant ’Årets Låt’ på P3 Gull. Då 2020 var over, kunne ein konstatere at begge singlane var dei to mest spelte låtane på norsk radio, av ein norsk artist, låta var også mest spelt i 2021.

Få artistar har sett eit så sterkt avtrykk som Dagny dei siste åra! 

Dagny er kjend som ein energisk liveartist med smittande energi og oppløftande opptredenar på scena. Ho held fram med å utvikle liveshowet både lydmessig og visuelt, flyttar alltid grenser og set alltid opplevinga til fansen fyrst. Og er det noko Dagny elskar, så er det nettopp å spele om sumaren. Til no har Dagny opptrådt på over 35 internasjonale festivalar, inkludert Isle of White, The Great Escape og British Summer Time på Hyde Park.

I april legg Dagny ut på ein europeisk headlineturné, før det etterlengta albumet kjem ut, der ho alt har vist oss kva dette byr på med låtar som «Heartbreak In The Making», «Same Again (For Love)» og «Ray-Bans».