Vinnar av littlarm 2024

Frå venstre: juryleiar Kjersti Mjør, vinnar Runar Bjørkvik, arrangørane Brit Aksnes og Håvard Gjerde. Foto: Randi Ystanes

Årets Littlarm-artist har vore Paul Simon, og 46 solide bidrag kom inn, der juryen hadde ekstramøte for å kåra vinnaren. 

Årets vinnar stod likevel frå starten ut som ein av desse nesten uforklarleg rørande gjendiktingane som torer frigjera seg frå originalen og samstundes klarar gjenskapa stemninga - Paul Simon sin "Graceland" er kanskje ein av dei beste låtane han skreiv (noko han også har sagt sjølv i intervju), så at det blei denne over meir kjende songar (det kom inn fleirfaldige forslag på Bridge over troubled water, Sound of silence og Fifty ways to leave your lover).

Det er ei stor glede å meddela at Runar Bjørkvik Mæland er årets vinnar med sin nydelege "Bømlo/Nådelandet".

Juryen og juryleiar Kjersti Mjør si grunngjeving:

Det er ei stor glede å meddela at Runar Bjørkvik Mæland er årets vinnar med sin nydelege "Bømlo/Nådelandet". Linjer som «Sunnhordlandsbassenget skine som ein nypusst giftering» og «som om eg aldri merkte kosss ho drog luggen vekk frå panno si» spelar på låtskrivaren sine metaforar og samtidig viser stor kjærleik for Sunnhordland. Til trass for at juryen let seg sjarmera av dei mange lokale frieria der Kvam, Norheimsund og Hardanger blir dregne hardt fram, så har dei altså lete seg sjarmera endå meir av ein nærliggande region uti fjorden. Også det å så finurleg blanda inn 1000-årsjubileet av kristenretten må seiast vera eit dristig og iaugefallande grep. Dialektbruken er også særleg vakker i årets vinnar, med trygg forankring i nynorsk men med klare sunnhordlandsendingar. Sjølv om du ikkje kjenner til låten Graceland, så står gjendiktinga så støtt på eigne bein at den trygt kan kallast eit eige, tilsvarande vakkert åndsverk.

Fordi det kom inn så mange fine bidrag vart det også framført ekstra mange av dei i år. Husbandet består av Stig Lundblad-Sandbakk, Nan Espeseth, Jonas Selås Olsen og Microbandet (Brit Aksnes og Kjersti Døssland). Gjesteartist: Arild Sondre Sekse.

Dei fem "boblarane" var:

Heimatt ein tur - Homeward Bound - Mette Lieungh

Bru over Puddefjorden - Bridge over troubled water - Marita Langelo

Berre kjøp ein L - You can call me Al - Tonje Gauden

Eg er så rik - I am a rock - Stig Røyrvik

Meg og Tove ein sein kveld i Grove Me and Julio - May Linn Clement

Jurybidrag: Få det unnagjort 50 ways to leave your lover - Kjersti Mjør/Bjarte Gullachsen

SJØLVASTE VINNAREN!

Bømlo, eller Nådelandet unna (Graceland)
- omsett av Runar Bjørkvik Mæland

Sunnhordlandsbassenget

skine som ein nypusst gifteringEg suse øve bruno til den øyno

der Heilag-Olav sette ting

Eg fere te Bømlo, Bømlo

ytst i Sunnhordland, eg ska te Bømlo

Glade gjeng sjelene pilegrimsgong

på veg til Bømlo

 

I setet ved sio av sit ein niåring

Han er alt eg har frå første kona mi

Og hu gamle mor sku helsa og sei

at det finst frelsa på Bømlo

 

Hu kom og sa hu har reist frå meg

Som om eg ikkje visste

Som om eg låg og venta i sengo mi

Som om eg aldri merkte

koss hu drog luggen vekk frå panno si

 

(Og) hu sa at kjærleikssorg er som eit hol i hugen din

der kven som helst kan gå og sjå rett inn

kan sjå koss vinden kom og herja

 

Eg stikke te Bømlo, (Bømlo)

ytst i Sunnhordland, eg ska te Bømlo

Glade gjeng sjelene pilegrimsgong

på veg til Bømlo

 

Ved sio av meg går skrømt og tomme hamsar

eg ser på skrømt og hamsar

Men han Grimkjell sku helsa og sei

at det finst frelsa på Bømlo

 

Eg vett ei jenta neri Haugesund

som seie at livet er ei hengjebru

Og av og te når alt går opp og ned og att og fram

så tenke eg «no skjønne eg hu»

Hu meine bruno te Bømlo

 

(Og) eg skjønne kjærleikssorg er som eit hol i hugen min

eit hol der kven som helst kan sjå rett inn

kan sjå koss vinden toks og herja

oooh, på Bømlo, Bømlo, eg ska te Bømlo

Og eg kan kje forklara da, men trur

eg finne svar på da på Bømlo

 

Må eg svara no, kan henda,

for kven eg elska og koss da enda,

eller er eg fri for skuld no?

Kanskje eg ein dag kan helsa

og sei at eg fann frelsa på Bømlo

på Bømlo, på Bømlo, på Bømlo

eg ska te Bømlo

Originalteksten til Graceland:

The Mississippi Delta
Was shining like a National guitar
I am following the river
Down the highway
Through the cradle of the Civil War

I’m going to Graceland
Graceland
In Memphis,Tennessee
I’m going to Graceland
Poorboys and pilgrims with families
And we are going to Graceland
My traveling companion is nine years old
He is the child of my first marriage
But I’ve reason to believe
We both will be received
In Graceland

She comes back to tell me she’s gone
As if I didn’t know that
As if I didn’t know my own bed
As if I’d never notice
The way she brushed her hair from
Her forehead and she said, “Losing love
Is like a window in your heart
Everybody sees you’re blown apart
Everybody sees the wind blow”

I’m going to Graceland
Memphis, Tennessee
I’m going to Graceland
Poor boys and pilgrims with families
And we are going to Graceland
And my traveling companions
Are ghosts and empty sockets
I’m looking at ghosts and empties
But I’ve reason to believe
We all will be received
In Graceland

There is a girl in New York City
Who calls herself the human trampoline
And sometimes when I’m falling, flying
Or tumbling in turmoil I say
Whoa, so this is what she means
She means we’re bouncing into Graceland
And I see losing love
Is like a window in your heart
Everybody sees you’re blown apart
Everybody sees the wind blow

In Graceland, in Graceland
I’m going to Graceland
For reasons I cannot explain
There’s some part of me wants to see Graceland
And I may be obliged to defend
Every love, every ending
Or maybe there’s no obligations now
Maybe I’ve a reason to believe
We all will be received
In Graceland

Whoa, in Graceland, in Graceland
In Graceland,
I’m going to Graceland

For meir info, kontakt Brit Aksnes tlf. 980 56 274.

Neste
Neste

John Olav Nilsen & Nordsjøen